Kontakt og bestilling

Kontakt og bestilling

Vertskap på Doktorgarden Selje er Anna Kjemphol og..
Les meir..

DOKTORGARDEN SELJE

Doktorgarden er ein sjarmerande og innhaldsrik vil..
Les meir..

$('#shuffle').cycle({ 
                                        fx:    'fade', 
                                        speed:  1000                                        
                                     });

Bokbad i Doktorgarden

Velkomen til bokkveld i Doktorgarden i Selje torsdag 1. sept kl 19. Bli kjend med Rune Timberlid og Bjarte Sindre og dei nye spenningsbøkene med handling frå Selje og Vestlandet. Edvin Helgheim er "bokbadar", og det vert også musikalske innslag. Sal og signering av bøker. Gratis inngang og enkel servering.

Timberlid (biletet) er ein røynd krimforfattar, og politimannen Rolf Randen er hovudperson i bøkene hans. I den nye boka Sanct Svithuns gåte er handlinga lagt til Selje. Her forlaget si omtale av boka:

"Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne og  gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.

"Timberlid leverer varene igjen. Et rikholdig og fint sammensatt persongalleri gjør historien - eller historiene - levende og interessante, og det er morsomt å se hvordan Timberlid elegant samler alle trådene mot slutten. Nå har forfatteren truet med å gi seg med denne serien, og den åpne slutten kan tyde på at han lar Rolf Randen ri inn i solnedgangen for godt. Men det ville vært for gale, både damene og leserne fortjener mer av Randen!"

Lars Helge Nilsen, Bergens Tidende
"Rune Timberlid leverer stor krim fra små forhold i sin siste bok om politimannen Rolf Randen. Her er det kvalitet hele veien, enten det er bygdedyret eller politiarbeidet som skildres. Bakteppet er magisk i seg selv. Selja og gammel kristen tro på en side og den spanske armada, et bombet hurtigruteskip og Stalins Sovjet på den andre. Midt opp i det hele en traust politimann som kommanderes ut for å vokte norskekysten mot islamske terrorister med gummibåt."

Monika Nordland Yndestad, BA 

 

Bjarte Sindre har skrive den historiske romanserien Odins smykke i fire bind på Selja Forlag. Gjennom dei fire bøkene "Asgeir Åsason", "Berserken", "Trollbøn" og "Møyfrid" føl vi den foreldrelause ungguten Asgeir Åsason gjennom krig og kjærleik på jakt etter røtene sine. Asgeir er skosvein hos kong Eirik Blodøks, og forfattar og historikar Bjarte Sindre har lagt vekt på å gjere den historiske ramma rundt handlinga så korrekt som råd.

 

 

Bokkvelden vert skipa til i samarbeid med Sparebanken Vest og Krimfest Vest.

 

 

 

 

Hav og fjell i Doktorgarden Selje

Målarane Magne Kristiansen og Øyvind Svaboe opnar utstilling i Galleri Salen i Doktorgarden i Selje laurdag 16. juli. Begge er opptekne av naturen og landskapet, den eine havet, den andre fjellet, men begge er naturalistar.

Øyvind Svaboe er 66 år og er frå Sandnes, men busett i Oslo. Han er kunstutdanna, og er ein etablert kunstnar med kunstnarløn, og har hatt separatutstillingar nesten kvart år sidan 1978. Han har også bak seg studiereiser til mange land, og er innkjøpt til Riksgalleriet, Bergens Sjøfartsmuseum og Norsk Kulturråd. Motiva i Doktorgarden er frå Jotunheimen.

 
- Eg har i alle år vore mykje i Sogn, der farsslekta mi kjem frå, og for meg er Jotunheimen nærmast som ein katedral å rekne. I utstillinga mi prøver eg å få fram det storfelte og vakre i fjellheimen, seier Svaboe.
 
Magne V. Kristiansen er 51 år og frå Vestfold, men har sidan 1987 budd i Stryn. Han er utdanna lærar, men har sidan 1993 bygd opp og drive Galleri Ad Fontes på Fjelli i Stryn.
 
- Eg har lang erfaring i ulike måleteknikkar som olje, akvarell, akryl m.m, og brukar også blyant og tusj. Eg brukar helst figurativ stil, og er mest oppteken av klassisk oljemåleri, særleg landskapsmotiv frå Nordfjord, seier Kristiansen. Til utstillinga i Selje har han med seg ei rad måleri med motiv frå kysten, både Bremanger, Selje og ikkje minst Stadlandet, der han har "fanga lyset" på ein heilt særmerkt måte. Han har også motiv frå livet i Selje i gamle dagar.
 
Under opninga av utstillinga i Galleri Salen  vil Magne Kristiansen fortelje om kunsten sin og demonstrere korleis han arbeider.
 
I Doktorgarden er det også bilete av Selje-målaren Julius Hartmann, Olav Harald Ulstein, Geir Hansen, Øyvind Jorfald, Hanne Bringager og Eva Malmstrøm.
 

Kunstløype i Nordfjord og søre Sunnmøre

Ni galleri i ytre Nordfjord og søre Sunnmøre går saman om ei kunstløype, der interesserte kan få med seg fleire kunstopplevingar på same dagen, om dei legg vegen ut mot havet.

- Vi starta med kunstløypa i påska og fekk mange gode tilbakemeldingar. No utvidar vi med to galleri til, og held fram med kunstløype heile sommaren, seier Torkjell Djupedal i Doktorgarden i Selje.

 Dei ni galleria som er med i kunstløypa ligg i kommunane Eid, Bremanger, Vågsøy, Selje og Vanylven. I Eid ligg Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid og Holmøy arbeidsskule ved Hornindalsvatnet. I Kalvåg ligg Galleri Frøya og i Vågsøy er det utstilling på Vågsberget. Selje har både Atelier Amdam, BickBlikk og Galleri Salen i Doktorgarden. I Syvde ligg Galleri Brødrene Vik, og Hakallegarden ligg på Hakallestranda.
 
Galleria viser fram både oljemåleri, akvarellar, grafikk, teikningar, foto, keramikk, glas, skulpturar og smijernskunst. Her er alle slags uttrykk og teknikkar. Mange av kunstnarane høyrer heime på Vestlandet.
 
- Ved å gå saman på denne måten håper vi fleire oppdagar galleria våre. Ein treng ikkje dra til Roma for å dra på "kunstreise", seier Djupedal.
 

Sommar i Doktorgarden

Doktorgarden i Selje ønskjer velkomen til ein ny og spennande sesong 2011.

- I Doktorgarden i Selje er vi godt i gang med sommarsesongen. I heile skuleferien, frå 18. juni til 14. august har vi ope alle dagar kl 12-19. Vi har mykje nytt å by på både i galleriet og butikken, seier Anna Kjemphol.

I sommar er Kunstløypa i Nordfjord og søre Sunnmøre utvida, der no ni galleri er med. I Galleri Salen i Doktorgarden er hovudutstillingane no med Geir Hansen, Olav Harald Ulstein og Julius Hartmann. Geir Hansen er frå Sjøholt på Sunnmøre og er oppteken av å fange lyset i fjordlandskapet på Vestlandet. Han lagar store oljemåleri, som han får mange godord om. Olav Harald Ulstein stiller ut i Doktorgarden for andre gong. Han er frå Sykkylven og har skapt seg eit særmerkt uttrykk i bileta sine, der også vestlandsnaturen er viktig.

- Vi har også ei minneutstilling over Julius Hartmann (1885-1969), bygdemålaren frå Selje som folk i ytre Nordfjord kjenner godt til. Han var svært produktiv og populær, og finst i dei fleste heimar i området. Vi har kring 25 Hartmann-bilde for sal, og i tillegg like mange til utstilling, alle på utlån frå private eigarar, seier Kjemphol.

I Galleri Salen er også andre kunstnarar representerte: Martin Due, grafikk. Øivind Jorfald, grafikk, Hanne Bringager, teikning og maleri, Eva Malmstrøm, maleri, og Sjur Axel Pehrsson, smijernskunst.

Frå 15. juli blir det nye utstillingar å finne, m.a. med Magne Kristiansen frå Stryn, og Øyvind Svaboe frå Stavanger/indre Sogn.

Butikken Noko Anna bugnar av nye varer. Her er nye godbitar i bokhyllene, kunsthandverk, smykke og ting til ungane. Kafé Claus byr på Annas heimelaga kaker. Og Doktorgarden har fire innbydande dobbeltrom til utleige.

Nytt av året er også at Doktorgarden er på facebook. Søk på Doktorgarden og bli ven med oss. Der finn du oppdaterte bilete og informasjon om kva som rører seg hjå oss.

http://www.facebook.com/home.php#!/group.php?gid=139262749432891&closeTheater=1

Velkomen til gamle og nye gjester!

 

Copyright © 2009 Doktorgarden   webutvikling og webdesign av CodeService.no

Telefon (+47)909 29 771 (Anna) eller (+47)901 86 882 (Torkjell)