Velkomen til bokkveld i Doktorgarden i Selje torsdag 1. sept kl 19. Bli kjend med Rune Timberlid og Bjarte Sindre og dei nye spenningsbøkene med handling frå Selje og Vestlandet. Edvin Helgheim er "bokbadar", og det vert også musikalske innslag. Sal og signering av bøker. Gratis inngang og enkel servering.
Timberlid (biletet) er ein røynd krimforfattar, og politimannen Rolf Randen er hovudperson i bøkene hans. I den nye boka
Sanct Svithuns gåte er handlinga lagt til Selje. Her forlaget si omtale av boka:
"Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne og gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.
"Timberlid leverer varene igjen. Et rikholdig og fint sammensatt persongalleri gjør historien - eller historiene - levende og interessante, og det er morsomt å se hvordan Timberlid elegant samler alle trådene mot slutten. Nå har forfatteren truet med å gi seg med denne serien, og den åpne slutten kan tyde på at han lar Rolf Randen ri inn i solnedgangen for godt. Men det ville vært for gale, både damene og leserne fortjener mer av Randen!"
Lars Helge Nilsen, Bergens Tidende
"Rune Timberlid leverer stor krim fra små forhold i sin siste bok om politimannen Rolf Randen. Her er det kvalitet hele veien, enten det er bygdedyret eller politiarbeidet som skildres. Bakteppet er magisk i seg selv. Selja og gammel kristen tro på en side og den spanske armada, et bombet hurtigruteskip og Stalins Sovjet på den andre. Midt opp i det hele en traust politimann som kommanderes ut for å vokte norskekysten mot islamske terrorister med gummibåt."
Monika Nordland Yndestad, BA
Bjarte Sindre har skrive den historiske romanserien Odins smykke i fire bind på Selja Forlag. Gjennom dei fire bøkene "Asgeir Åsason", "Berserken", "Trollbøn" og "Møyfrid" føl vi den foreldrelause ungguten Asgeir Åsason gjennom krig og kjærleik på jakt etter røtene sine. Asgeir er skosvein hos kong Eirik Blodøks, og forfattar og historikar Bjarte Sindre har lagt vekt på å gjere den historiske ramma rundt handlinga så korrekt som råd.

Bokkvelden vert skipa til i samarbeid med Sparebanken Vest og Krimfest Vest.