Hav og fjell i Doktorgarden Selje
Målarane Magne Kristiansen og Øyvind Svaboe opnar utstilling i Galleri Salen i Doktorgarden i Selje laurdag 16. juli. Begge er opptekne av naturen og landskapet, den eine havet, den andre fjellet, men begge er naturalistar.
Øyvind Svaboe er 66 år og er frå Sandnes, men busett i Oslo. Han er kunstutdanna, og er ein etablert kunstnar med kunstnarløn, og har hatt separatutstillingar nesten kvart år sidan 1978. Han har også bak seg studiereiser til mange land, og er innkjøpt til Riksgalleriet, Bergens Sjøfartsmuseum og Norsk Kulturråd. Motiva i Doktorgarden er frå Jotunheimen.
- Eg har i alle år vore mykje i Sogn, der farsslekta mi kjem frå, og for meg er Jotunheimen nærmast som ein katedral å rekne. I utstillinga mi prøver eg å få fram det storfelte og vakre i fjellheimen, seier Svaboe.
Magne V. Kristiansen er 51 år og frå Vestfold, men har sidan 1987 budd i Stryn. Han er utdanna lærar, men har sidan 1993 bygd opp og drive Galleri Ad Fontes på Fjelli i Stryn.
- Eg har lang erfaring i ulike måleteknikkar som olje, akvarell, akryl m.m, og brukar også blyant og tusj. Eg brukar helst figurativ stil, og er mest oppteken av klassisk oljemåleri, særleg landskapsmotiv frå Nordfjord, seier Kristiansen. Til utstillinga i Selje har han med seg ei rad måleri med motiv frå kysten, både Bremanger, Selje og ikkje minst Stadlandet, der han har "fanga lyset" på ein heilt særmerkt måte. Han har også motiv frå livet i Selje i gamle dagar.
Under opninga av utstillinga i Galleri Salen vil Magne Kristiansen fortelje om kunsten sin og demonstrere korleis han arbeider.
I Doktorgarden er det også bilete av Selje-målaren Julius Hartmann, Olav Harald Ulstein, Geir Hansen, Øyvind Jorfald, Hanne Bringager og Eva Malmstrøm.
