Sjarmerande butikk med bøker, kunst, kunsthandverk og mange andre spennande gåver.
I butikken NOKO ANNA finn du varer som er noko anna enn det du til vanleg finn i ein suvenir/gåvebutikk. Her er noko for ein kvar smak:
- Bøker, dei fleste frå Selja Forlag. Også mange andre bøker om Selja, Sunniva og Nordfjord
- Keramikk av Kari Astrup Gelmeyden frå Jølster
- Populære, velduftande såper og kremer laga av nonnene på Tautra kloster
- Syngedamer i keramikk av Ingeborg Lejon frå Volda
- Sjal i vakre fargar strikka av geitull
- Nostalgiske englebilete
- Designsmykke, både norsk og dansk design
- Sunnivafigurar, laga av kunstnaren Turid Brunsvik Kvalheim frå Måløy
- Sunnivalysestakar
- Designlysetakar for lange firkanta lys i mange lekre fargar
- Tova produkt frå Vevang
- Svært populære små innramma bilete av ulike damer/par, teikna av Torunn Kjemphol
- Koppar med tekst frå Ivar Aasentunet, samt div andre småvarer derifrå
- Englar i ulike variantar
- Treleiker
- Duftlys
- Ikon
- Vakre esker i immitert skinn
- Bilete i vakre rammer i gamal stil
- Humoristiske/småfrekke bilete av Øyvind Jorfald
- Eksklusiv sjokolade frå Le praline
Alle varene er gode gåveprodukt