Doktorgarden i Selje ønskjer velkomen til ein ny og spennande sesong 2011.
- I Doktorgarden i Selje er vi godt i gang med sommarsesongen. I heile skuleferien, frå 18. juni til 14. august har vi ope alle dagar kl 12-19. Vi har mykje nytt å by på både i galleriet og butikken, seier Anna Kjemphol.
I sommar er Kunstløypa i Nordfjord og søre Sunnmøre utvida, der no ni galleri er med. I Galleri Salen i Doktorgarden er hovudutstillingane no med Geir Hansen, Olav Harald Ulstein og Julius Hartmann. Geir Hansen er frå Sjøholt på Sunnmøre og er oppteken av å fange lyset i fjordlandskapet på Vestlandet. Han lagar store oljemåleri, som han får mange godord om. Olav Harald Ulstein stiller ut i Doktorgarden for andre gong. Han er frå Sykkylven og har skapt seg eit særmerkt uttrykk i bileta sine, der også vestlandsnaturen er viktig.
- Vi har også ei minneutstilling over Julius Hartmann (1885-1969), bygdemålaren frå Selje som folk i ytre Nordfjord kjenner godt til. Han var svært produktiv og populær, og finst i dei fleste heimar i området. Vi har kring 25 Hartmann-bilde for sal, og i tillegg like mange til utstilling, alle på utlån frå private eigarar, seier Kjemphol.
I Galleri Salen er også andre kunstnarar representerte: Martin Due, grafikk. Øivind Jorfald, grafikk, Hanne Bringager, teikning og maleri, Eva Malmstrøm, maleri, og Sjur Axel Pehrsson, smijernskunst.
Frå 15. juli blir det nye utstillingar å finne, m.a. med Magne Kristiansen frå Stryn, og Øyvind Svaboe frå Stavanger/indre Sogn.
Butikken Noko Anna bugnar av nye varer. Her er nye godbitar i bokhyllene, kunsthandverk, smykke og ting til ungane. Kafé Claus byr på Annas heimelaga kaker. Og Doktorgarden har fire innbydande dobbeltrom til utleige.
Nytt av året er også at Doktorgarden er på facebook. Søk på Doktorgarden og bli ven med oss. Der finn du oppdaterte bilete og informasjon om kva som rører seg hjå oss.
http://www.facebook.com/home.php#!/group.php?gid=139262749432891&closeTheater=1
Velkomen til gamle og nye gjester!