Anna Kjemphol og Torkjell Djupedal tok over drifta av Doktorgarden Selje i 2009.
Anna er frå Sykkylven og arbeider også som lærar. Torkjell har slektsrøter frå Selje og er forleggjar i Selja Forlag.
Med seg på laget i Doktorgarden har dei Karenlill Popescu, frå Ribe i Danmark, som kom til Selje i 2009 for å arbeide i Doktorgarden. Sidan har ho blitt verande i Selje, som ho meiner er den beste plassen ein kan bu.
